Skal du på fuglefjellet eller ønskjer å lære meir om fugleøya Runde så oppmodar vi til eit besøk med oss. Her kan du sjå filmar om mektige naturfenomen, kome tett på sjøfuglane i utstillinga og utforske Rundeskatten som vart henta opp frå sjøen i 1972. Etter nesten 300 år på sjøbotnen rett utanfor Runde.
Bestiller du billett til utstillinga kan du gå rundt og fordjupe deg i eige tempo. Billetten er gyldig for dagen han vert bestilt. Vi viser film i auditoriet heile dagen, så her er det berre å høre når neste framsyning startar.
I kafeen sel vi smørbrød, kaker, kaffi/ te og kioskvarer.
Maten vi serverer er alltid heimelaga og ofte inspirert av havet. Vi veljer også i størst mogleg grad lokale, økologiske og rettferdige råvarer. Senteret har alle rettigheiter, og kan for grupper tilby enkle lunsj- og middagsrettar så vel som finare middagar.
Sesong: 13. juni til 16. august - kvar dag
Opningstider: kl. 12:00 - 19:00
Oppmøtestad: Runde Miljøsenter
Prisar:
vaksen 90 kr
born (4-15 år) 40 kr
pensjonist/student 60 kr
familie max 7 personar 250 kr
gruppe frå 15 personar 60 kr
inkl.
- billett til utstillinga
Merknadar: billetten er gyldig for den dagen han vert kjøpt. Vis fram billetten i resepsjonen for kontroll. Du kan og løyse billett i kaféen.