Lundesafari med naturguide og sjømat i havgapet

Inquire Booking
Bli med på ei magisk oppleving ute i havgapet. Naturguidene Martin eller Louise tar deg med opp i fuglefjellet og her kan du kanskje få sjå lundefuglen kome inn fra sjøen i solnedgang. 

Opplevinga startar på Runde Miljøsenter med heimelaga fiskesuppe. Det blir laga til ein eigen meny for borna med fiskekaker og potetmos. Her ute i havgapet er vi glad i å servere fisk i ei eller anna form. Og meir fisk blir det når det under framsyning av dokumentaren «Havets Sølv». Sjå den spanande historia om mektige havstraumar, sild og sjøfugl på Runde.

Etter filmen vert det avreise til Goksøyra. Du må ha eigen bil for å kome deg til og frå Runde og vidare til avreisestaden for gåturen opp i fuglefjellet. Frå parkeringsplassen i Goksøyra vil naturguiden ta deg med opp i fuglefjellet. Det er ingen garanti, men om du er heldige kan du sjå lundefuglen som kjem opp frå sjøen og gjer seg klar for kvelden. 

I hekketida mellom april og august kan du sjå fleire tusen lundefuglar på vestsida av øya. Dei tilbringar det meste av dagen på sjøen og kjem opp i reira sine nokre timar før sola går ned. Kanskje er du så heldig at du kjem tett på den sjarmerande vesle sjøpapegøya.

Det er berre å gle seg. 
Inquire Booking

Opplysingar:

Sesong: onsdagar og søndagar, sjå tid og datoar ved bestilling av tur
Oppstart: kl. 18:00
Oppmøtestad: Runde Miljøsenter
Varigheit: 4 timar
Prisar: vaksen 500 kr, born (6-12 år) 350 kr
inkl.
- Heimelaga fiskesuppe med foccacia og kaffe/te, eigen barnemeny med fiskekaker og potetmos
- Framsyning av dokumentaren Havets Sølv
- Guida tur til fuglefjellet

Gradering: middels. Moderate stigningar som kan innehalde enkelte bratte parti. Passar for dei med: litt erfaring i terreng, middels trente turgåare, dei med grunnleggende ferdighetar
Utstyr: du må kle deg etter vêret. Vi tilråder vasstette sko, vind og/eller regnjakke og varme klede. 
Transport: turen tek høgde for at du kan kome deg til og frå Runde i eigen bil. Det er også behov for transport frå Miljøsenteret til parkeringsplassen i Goksøyra kor turen til fuglefjellet startar.
Merknadar: Det er ei matservering i opplevinga. Om du har allergiar så kan du opplyse om det i kommentarfeltet i bestillinga.
 


Vi tek atterhald om minimum 6 påmeldte for å gjennomføre turen. Ved kansellering vert du varsla 24 timar før turen startar og bestillinga vert refundert. Siste frist for bestilling vert då også 24 timar før turen startar. 

Program:

18:00 Servering av eit varmt måltid og kaffe/te i kafeen på Runde Miljøsenter
18:30 Framsyning av dokumentaren «Havets Sølv»
19:00 Avreise frå Miljøsenteret til Goksøyra
19:15 Turen startar til fuglefjellet og lundeura
22:00 Felles oppsamling på parkeringsplassen og turen vert avslutta.

Overnatting:

Ønskjer du å sove på Runde? Runde Miljøsenter har moderne leilegheiter med sjøutsikt for utleige.
Be om eit tilbod på (+47) 7008 0800 eller på booking@rundecentre.no

Du kan også lese meir om overnatting på Runde her.

 

Highlights

Høgdepunkt:

  • du kan sjå lundefuglen på nært hald i fuglefjellet med naturguide
  • bli kjent med fuglane og storslåtte naturfenomen på Runde i dokumentaren "havets sølv"
  • nyt heimelaga fiskesuppe på Runde Miljøsenter

 

Route

  1. Runde Miljøsenter