Guida omvising i utstillinga

Inquire Booking

Skal du på fuglefjellet eller ønskjer å lære meir om fugleøya Runde så oppmodar vi til eit guida besøk med oss. Her kan du sjå filmar om mektige naturfenomen, kome tett på sjøfuglane i utstillinga og utforske Rundeskatten som vart henta opp frå sjøen i 1972. Etter nesten 300 år på sjøbotnen rett utanfor Runde.

Bestiller du guida omvising i utstillinga vert du med på ei innhaldsrik reise. Du får høre om den imponerande historia om forliset av Akerendam i 1725 og gullskatten som vart funnen av dykkarar i 1972. Guiden tek deg også med rundt i utstillinga blant alle sjøfuglane som hekkar på Runde. Veit du kanskje kor mange egg ein lundefugl legg om året? Om du ikkje gjer det, så kan guiden fortelje deg om det. 

Billetten er gyldig for den dagen og til det klokkeslettet han vert bestilt. Vi viser film i auditoriet heile dagen, så her er det berre å høre med guiden når neste framsyning startar. 

Spis eit måltid i havgapet

I kafeen sel vi smørbrød, kaker, kaffi/ te og kioskvarer. 
Maten vi serverer er alltid heimelaga og ofte inspirert av havet. Vi veljer også i størst mogleg grad lokale, økologiske og rettferdige råvarer. Senteret har alle rettigheiter, og kan for grupper tilby enkle lunsj- og middagsrettar så vel som finare middagar.

Besøk oss heile året

​Vi tek i mot grupper (minimum 15 personar) året rundt. Her kan vi tilby både faglege foredrag og guida turar i utstillinga. Gjerne i ein kombinasjon med lunsj eller middag. 

Om sommaren held vi ope kvar dag for alle. Sjå meir informasjon lengre nede på sida. 

Additional Information

Velg tidspunkt for opplevinga:
Inquire Booking

Opplysingar:

Sesong: 8. juni til 18. august - kvar dag
Opningstider: kl. 1200 - 19:00
Varigheit omvising: 1-1,5 time
Oppmøtestad: Runde Miljøsenter
Prisar: 
vaksen 135 kr
born (4-15 år) 85 kr
pensjonist/student 105 kr
familie max 7 personar 400 kr
gruppe frå 15 personar 105 kr
Inkl. 
- billett til utstillinga
- guide
Merknadar: billetten er gyldig for den dagen og klokkeslettet han vart kjøpt. Vis fram billetten i resepsjonen eller til guiden for kontroll. Billett kan også løysast ved sal i kafeen. 

Overnatting:

Ønskjer du å sove på Runde? Runde Miljøsenter har moderne leilegheiter med sjøutsikt for utleige.
Be om eit tilbod på (+47) 7008 0800 eller på booking@rundecentre.no

Du kan også lese meir om overnatting på Runde her.

 

Highlights

Høgdepunkt

  • sjå den storslåtte filmen Havets Sølv
  • utforsk utstillinga med sjøfuglane på Runde saman med ein kunnskapsrik guide
  • hør historia om Rundeskatten frå Akerendam forliset i 1725

Route

  1. Runde Miljøsenter