Dyra på Hakallegarden
Det er mange dyr som bur på garden. Her er alpakka, hundar, kattar, påfugl, geiter, høner, hestar, og esel for å nevne nokre. Dei aller mest populære er nok kattungane og hestane, men den mest berømte er kanskje Bukke Lars. Han har nemleg vore på barne-tv ilag med Per, på "Per - Klart eg kan". Og av og til får han besøk av ungar som fortel at dei ser på han og Per nesten kvar dag på datamaskina heime. Sjå videoen her. Mange har og sett odelsjenta Marit på barne-tv seria «Marit og dyra». Den finn du på NRK Super.
Dyra på Hakallegarden er veldig rolege glade i folk. Vi vil likevel minne om at dei er levande dyr, og kan bli trøtte og slitne slik som vi mennesker vert. Derfor er det viktig at dei vaksne passar på borna sine.
Ansvarleg for opplevinga
Firma: Hakallegarden
Telefon: +47 900 68 996/ +47 971 92 066
Epost: aina@hakalle.no
Ta kontakt direkte om du har spørsmål om sjølve opplevinga.
Sesong: onsdag til søndag i haustferien
Oppstart: kl. 12:00 - 18:00.
Oppmøtestad: Hakallestranda, Vanylen
Prisar: per person 120 kr (vaksen og barn frå 2 år)
inkl.
- billett til Hakallegarden
Transport: Opplevinga tek høgde for at du kan kome deg til og frå Hakallegarden på eigen hand.
Merknad: Du må vise billett og bli registert ved inngangen til Hakallegarden. Av omsyn til smittespreiing ved Covid-19 så er det satt eit maks tal på gjestar som kan vere på garden på same tid. Om du ikkje får bestilt billett kan det vere at vi har nådd dette talet. Vi beklagar at det blir meir tungvint, men for di og vår sikkerhet må vi følge dei tilrådingar som kjem frå helsemyndigheitene.