Blues og Fjelltur-Cruise på Hjørundfjorden 2020

Bestill nå! Forespørsel

Fra NOK 14'950

+1 Tilleggsmuligheter

Vi startar i Ålesund, der mønstrar du på MS Slogen frå torsdags ettermiddag. Ut på kvelden set vi kursen mot Sykkylven, der ligg
vi til kai første natta. Undervegs vert det servert eit varmt måltid. Fredags morgon tek vi fatt på den første turen.
OVERSIKTSKART     DETALJKART
A. Overgangsturen via Blåbretinden (1456 moh) eller Tungremtindane (1290 moh) til den veglause bygda Trandal i Hjørundfjorden.
B. Vandring frå Trandal og tur/retur Trandalen, muligens til Tårnet (1338 moh Medium vanskelighetsgrad) KART

På Trandal ventar bluesfestival på Christiangaard Bygdetun, og du vil du få ei oppleving av natur, bygdekultur, blues og folkeliv du seint vil gløyme. Den veglause bygda med under 10 fastbuandes endras til ein Bluesfestival i verdensklasse med tusentals av besøkjande. Det er mykje forskjellig mat å få kjøpt på Trandal iforbindelse med Blues festivalen, så denne dagen ordnar kvar enkelt med mat sjølve. 

MS Slogen set utpå kvelden kursen mot Urke og Urke Kaihus, der båten ligg til kai for natta. De vel sjølve om de vil returnere med MS Slogen, eller om de vil ta skyssbåten som går i skytteltrafikk fra midnatt og utover natta og mønstre på MS Slogen på Urke seinare. 
 

Laurdag kan du velge mellom A (hard) Hjørundfjordegga, ein fantasktisk tur der ein mest heile turen har nydeleg utsyn mot fjorden mens ein vandrar over egga.
Oppgong er frå Urke og via Breidfonndalen.
Turen går langs egga, og vi skal vandre sørover med ei fantastisk utsikt. På slutten av egga kjem ein til Saksa (1073 moh) og derifrå snirklar stien seg nedover mot Leknesnakken (turmål B, lett) og vidare til Urkebygda i trapper tilrettelagt av sherpaer. Vel nede på Urke avsluttes turen på Urke Kaihus der ein kan få kjøpe forfriskningar, mens båten ligg nedenfor kaia for de som ønsker å dusje eller ta eit bad i badestampen.
Dersom du vel turmål B, startar vi frå Urke, og går opp til Leknesnakken som er siste del av den harde turen over Hjørundfjordegga.
KART
På MS Slogen vil det verte servert grillmat før vi går videre til Trandal og festivallivet igjen.

Avgong frå Trandal blir det same laurdag som fredag, og du kan også no velge å være att for å få med alt av musikk på Trandal før du tek båten til Sæbø der MS Slogen ligg til kai denne dagen.
 

Søndag kan du kjøpe ein ekstra tur dersom du fortsatt har krutt igjen i beina,
A. Lynghalsen, vi klatrar ikkje heilt til topps, men stoppar på fortoppen (Hard - medium, 1000 moh) og videre ned mot Sæbønestua (564 moh)
B. Sæbønestua (Medium - lett 564 moh) 
KART
er valga av turmål denne dagen. Herifrå får du ei fantastisk utsikt mot fjordkrysset i Hjørundfjorden. Etter endt tur returnerer vi deg til Ørsta/Volda lufthavn med bil, eventuelt du kan returnere med MS Slogen søndag morgen til Ålesund. Pass derfor på å bestille returen fra Ørsta med Wideroe når du booker flybillett dersom du ønsker å rekke en fjelltur også på søndag. Dette fordi der ikkje vil verte nok tid etter endt tur til å rekke siste flyet frå Ålesund. Dersom du har base i Ålesund vil vi kjøre deg dit etter turen.
 

Kart over heile Hjørundfjorden

Valg A1 (hard Blåbretind) A2 (hard Tungremtind) og B (lett Trandalsætra)

Oversikt overgangstur Sykkylven - Trandalsætra - Trandal

Kart over Leknesnakken (lett) og Hjørundfjordegge (hard - medium)

Kart over fjellturen Lynghalsen (hard-medium) - Grønskredhammeren - Sæbønestua (lett-medium)

Fasilitetar ombord

  • 17 senger fordelt på sju tomannslugarar og ein tremannslugar
  • Tre dusjar og fire toalett
  • Plass til 60 passasjerar
  • Skjenkeløyve 
  • Badestamp med oppvarma reint saltvatn rett frå Hjørundfjorden
  • Stort uteareal på dekk med ei fantastisk utsikt
  • Salong med sitjeplassar til 24
  • Konferansemoglegheiter
  • Loungeområde

Fra NOK 14'950

+1 Tilleggsmuligheter

Bestill nå! Forespørsel
Du kan sjekke inn i båten  fra klokken 16:00 torsdag ettermiddag, og vi vil gå fra Aalesund om kvelden når alle gjestene er ankommet. Om du kjem til Aalesunds flyplass, Vigra, kan du enkelt kome deg til Ålesund ved å ta shuttelen som tek ca 30 minutt. Der vil vi vente på deg ved kaia. 
Ved avreise på Søndag, vil båten returnere til Aalesund om morgonen. Dersom du ønsker å kjøpe tilleggs- fjellturen på Søndag, vil vi frakte deg til Ørsta /Volda lufthavn med bil etter endt tur. Så pass da på å bestille retur fra Ørsta/Volda og ikkje Ålesund.



 

 

Høydepunkt

  • Overgongstur frå Sykkylven til Trandal
  • Bluesfestival i verdsklasse
  • Deltakarpass til festivalen heile helga
  • Boblebad på dekk mens du høyrer bluesmusikk frå fesivalen og ser på folkelivet
  • Overnatting på Urke under det mektige Stålberghorn-platået
  • Vandring over Hjørundfjordegga
  • Vandring over egga frå Lynghalsen til Sæbønestua



Når Blues Brothers besøkte Trandal

Årets bluesprogram

Sjå glimt frå Trandal Blues her



 

Reiserute

  1. Ålesund
  2. Ikornnes
  3. Trandal
  4. Urke
  5. Sæbø
  6. Ålesund