Bli med Fjord Exploring på dags-criuse med den restaurerte fjordferga MS Slogen, til den nordlegaste vingarden i verda. Haula vingard ligg på Viddal innerst i det fantastiske fjell- og fjordpanoramaet i Hjørundfjorden.
Turen startar på Sæbø kl 10:00 - Øye 10:30. Der legg vi til kai og ventar vi på gjestar frå korresponderande båt frå Ålesund 09:15 - med ankomst Øye 10:45.
Klokken 11:00 blir det avgong frå Øye med båten MS Slogen som fraktar deg inst i den vakre Hjørundfjorden. Båten har eit stort dekk, utsiktsalong med bar, loungeområde og ein stor salong. På veg inn vil det verte servert baguette der du kan velge mellom fint eller grovt brød, med ost og skinke eller egg og røykt laks. På Viddal ligg verdas nordlegaste vingard. Her får du omvisning på den 400 år gamle garden og blandt vinrankane, før det blir vinsmaking av musserande vin frå ulike land. Haula Vingard har enno ikkje produsert sin eigen vin, men vinrankane er lovande og dei første druene er hausta. På returen tilbake til Øye vert det servert eit varmt måltid ombord, og i baren kan du kjøpe forfriskningar.
På Øye korresponderar båten med Fjords båt attende til Ålesund kl 18:15
Retur til Sæbø frå Øye kl 18:15 med ankomst Sæbø 18:30
Båt frå Ålesund bookes her:
https://no.fjordnorway.com/se-og-gjoere/fjord-cruise-hjorundfjord-p4012273
Fasilitetar ombord
- 17 senger fordelt på sju tomannslugarar og ein tremannslugar
- Tre dusjar og fire toalett
- Plass til 60 passasjerar
- Skjenkeløyve med alle rettigheiter
- Badestamp med oppvarma reint saltvatn rett frå Hjørundfjorden
- Stort uteareal på dekk med ei fantastisk utsikt
- Salong med sitjeplassar til 24
- Konferansemoglegheiter
- Loungeområde