Rundtur Stryn - UNESCO Geirangerfjord

Stryn - Hellesylt - Geiranger - Hellesylt - Stryn

På denne turen kan du utforske den sjarmerande bygda Hellesylt, oppleve ein flott ferjetur på Geirangerfjorden og sjå deg om i Geiranger.

Du startar i Stryn, og etter ca. 20 minutt køyrer bussen forbi Hornindalsvatnet. Vatnet er kjent for å være Europas djupaste innsjø, og det har i alle år blitt fortalt historie om kva som finns i dybden. Kanskje du er heldig og får sjå ein sjøorm når du køyre forbi?

Når du er framme på Hellesylt, har du mange litt tid til å sjå deg rundt. Mellom busshaldeplassen og ferjekaia finn du Hellesyltfossen. Det er ein mektig foss, og er eit av dei mest fotograferte motiva i området. Eit imponerande syn tidleg på sommaren i den store snøsmeltinga.

På Hellesylt finn du og Per Gynt Galleriet. Hovudformålet med galleriet er å presentere dei enorme trerelieffa til kunstnaren og treskjeraren Oddvin Parr (1933- 2010). Verka går frå golv til tak, og alle trerelieffa har motiv henta frå den norske forfattaren Henrik Ibsen sitt verk «Peer Gynt».

Så går turen vidare med ferje til Geiranger. Ferjecruiset frå Hellesylt til Geiranger tar 1 time, og her kan du blant annet sjå dei fantastiske fossene som De syv søstrene, Friaren og Brudesløret, og den berømte fjellgarden Skageflå.

I Geiranger har du tid til å sjå deg rundt, shoppe, og kanskje og besøke Norsk Fjordsenter, som ligg i gangavstand frå sentrum, rett ved sida av Hotel Union.

Turen tilbake til Stryn følger same rute; ferje til Hellesylt og buss frå Hellesylt til Stryn.


Avgang frå: Stryn rutebilstasjon

 

Om våre turar

Dette er ein “Travel like the locals”-tur eller på norsk «Reis som dei lokale». Desse turane går med ordinære rutebussar, ferjer og hurtigbåtar, men vi har planlagt reisa for deg slik at du kan konsentrere deg om å nyte turen. Du reiser på eiga hand – det er ingen guide eller turleiar med. På dei fleste turane må du bytte mellom ulike transportmiddel fleire gonger, og du er sjølv ansvarleg for å kome med på neste etappe – på same måte som dei lokale reisande! (Turane er lagt opp slik at bussar, ferjer og hurtigbåtar korresponderer.)

Turane kan ikkje bestillast for heilagdagar og i ferieperiodar som påske og jul pga. avvikande rutetabellar. Tidtabellen som blir vist, gjeld for dei periodane turen kan bestillast.

Klikk her for å sjå vilkåra for reisa.

PDF fakta

Last ned et PFD faktaark med all informasjon om den valgte turen Last ned PDF