Frå Sunnmøre til månen

Bestill nå! Forespørsel

Fra NOK 600

Bli med på ei heilt spesiell reise og lær meir om jorda si historie og kvifor eit område på Sunnmøre gjorde at NASA kunne sende folk på månen. 

Besøk område der mange av dei fremste geologane i verda har studert gjennom meir enn 100 år. Opplev professor Goldsmith sitt Eurekavatn og sjå jordas si historie direkte i berggrunnen. Sjå naturreservatet med dei mest unike granatperidotitane eklogitt " du kan tenke deg! Høyr kvifor kunnskap frå dette geologiske område gjorde at NASA kunne sende folk til Månen. På denne turen vil du få kunnskap om korleis ein kan plukke dei flottaste edelsteinane på
peridotplassen . I tillegg får du besøke den mest komplette olivinsamlinga i verda på Norsk olivinsenter. Vi anbefaler at du tek med oppladda mobil eller kamera, du kjem til å kunne ta bilete du aldri hadde drøymt om å kunne ta!

Berre 4 turar vert satt opp i løpet av 2020 sesongen. Sikre deg plass i dag!

Program: 
10.00 Oppmøte Norsk olivinsenter. Omvising Norsk olivinsenter / Informasjon om dagen.
11.30 Avreise til peridotplassen (Sunndalen)
12.00 Lett utelunch med drikke på peridotplassen
12.30 Middels krevande gåtur til Helgehornsvatnet (50 min)
13.30 Geologisk / botanisk forteljarvandring i dette unike geologiske området. Eurekavatnet / Goldsmith / Naturreservatet
16.00 Retur Peridotplassen
16.30 Peridotplukking med guiding . Du får med ein ekspert / geolog som kan vurdere funna dine og hjelpe deg å leite etter dei ekstra fine, som ein kanskje kan få fasettslipt?
 


Ansvarleg for opplevinga
Firma: Norsk Olivinsenter
Telefon: +47 916 43 119 
Epost: rekjer@gmail.com
Ta kontakt direkte om du har spørsmål om sjølve opplevinga.


Fra NOK 600

Bestill nå! Forespørsel

Opplysingar:

Sesong: 13/7, 14/7, 17/7 og 18/7
Oppstart: kl. 10:00
Oppmøtestad: Norsk Olivinsenter, Åheim
Varigheit: 6,5-7,5 timar
Prisar: vaksen 600 kr, born (6-12 år) 400 kr
inkl.
- guiding i naturen og formidling
- lett utelunsj
Transport: aktiviteten tek høgde for at du kan kome deg til og frå Olivinsenteret og Sunndalen i eigen bil. 


Vi tek atterhald om minimum 3 påmeldte for å gjennomføre turen.Ved kansellering vert du varsla 48 timar før turen startar og bestillinga vert refundert. Siste frist for bestilling vert då også 48 timar før turen startar. 

 

Høydepunkt

Høgdepunkt:

→ periodotplukking med guide
→ vandring med guide i unikt geologisk landskap
 

Reiserute

  1. Norsk Olivinsenter