Besøk på cider- og ostegarden Skarbø Gard på Stranda

Velkomen til garden Skarbø på Stranda. Her byggjer vi på lange tradisjonar og solid handverk for å gi deg uforgløymelege smaksopplevingar.
Besøk Skarbø og ver med på omvising i tunet, med ysteri, sideri og gardsbutikk. Vi vandrar i eit levande kulturlandskap med bygningar frå 1600-talet og fram til i dag, og de får eit innblikk både i historia og dagens drift. Det bur både kattar, høner, kyr og kalvar på garden, og vi helsar gjerne på dei på vegen. Litt prøvesmaking høyrer sjølvsagt med.